Auka kapasitet fra 23. januar

Vi åpnar Pomatrekket og utvidar kapasiteten i anlegget

Pomatrekket har åpna, og maks mengd dagskort settes derfor til 250 stk.
150 stk kveldskort.
Kjøp av kort gjerast her: Online heiskort
Dei med sesongkort/ alpepass vil kunne bruke dei.

Vi sett no eit maks tal på dagskort per dag og kveldskøyring, og går over til å berre selje kort via online-løysninga vår. Det gjer vi for å alltid kunne ha kontroll på mengda besøkande i anlegget. Luka blir berre bemanna for bistand og utlevering av keycard, ikkje for sal av kort.

VIKTIG! Vi ber alle som skal besøke oss om å setje seg inn i smittevernsreglane våre. Dette er noko vi tek på største alvor og vi treng at alle hjelper oss i denne dugnaden
For å sikre alle ei trygg oppleving hos oss, sett vi inn følgjande ekstra tiltak i bakken:
Vi aukar vakthaldet på
- køane og passar ekstra godt på at folk held meteren.
- varmestova og Fjellsæterstova blir bemanna med vakter som passar på maks talet innandørs.

Vi oppmodar alle som skal inn der om å registrere seg på safespot appen. Det hjelp oss veldig på smittesporing. Vi har ikkje lagt føringar for munnbind, men vil setje inn dette om det blir behov for eit slikt tiltak. Vi ønsker veldig gjerne at du som gjest også føljer med og hjelper oss, slik at 1 meteren i køar blir fylgt. Der er mykje skilt om dette, men vi må ha med oss dykk på dette om det skal gå smertefritt. Der vil kome situasjonar kor heisa står og då er det ekstra viktig at du som gjest følgjer reglene om 1 meter avstand i kø. Vi skal sjølvsagt gjere alt vi kan for at det blir minst mogleg stopp, men når det er så kaldt som i dag så kan teknikken svikte oss. Vi tek smittevern på alvor og ønskjer at alle skal vere trygge hos oss. Men vi må ha med oss dykk til å delta i denne dugnaden. Så igjen; Ver så vennleg, sett deg inni reglane hos oss og følg desse, så vil alle kjenne seg trygge og vi kan ha fine dagar på Fjellsætra.